Etter fleire daga med førebuing, sto HKK klar for avreise.
Mattern-bua var reservert for heile helga, og stemninga før avreise var på topp. Halv fire ferga frå Volda var dagens mål for å ende opp på
Bulandet i rimelig tid. Avdeling ytre, fekk sitte på med HKK presidentens turvogn. Og etter å ha fått med både Eldar og sekken has, gjekk ferda vidare upåklageleg smertefritt. Reisefølgje besto av to bilar og sjølvsagt HKK tilhengaren godt lasta med dyrebare fartøy. Eg, Tor Inge, Eldar, Anny, Are, Kåre, Torbjørn og Mildrid var dei påmelde med blotpass i lomma.
Underteiknande stod for navigeringa. Dermed enda ferda opp i litt feil retning, ingen ting å bry seg med sidan vi ankom Askvoll ferjekai i god tid. Reisefølgje til HKK var nokk ikkje einaste gjengen som hadde lagt inn god margin på ferja. Vi kom ikkje med! Det viste seg at ferjene ikkje tok enorme mengde reisande, og dermed måtte vi vente til neste avgang. Ein spasertur på nærmaste daglegvare blei løysninga. Vi handla litt og fant eit triveleg venterom på ferjekaia. Som nr.3 i ferjekøa, hadde ingen av oss bekymringar for neste fergje. Eg bidrog med musikk til forsamlinga, medan Are, Anny, Eldar og Mildrid sto for underholdninga.
På Værlandet trilla vi i land tre-fire timer seinare enn planlagt. Eg var ingen god navigatør etter all ventetida. Og reisefølgje erfarte dermed noko ufrivillig mykje bom kjøring. Tor-Inge tok over kommandoen i grevens tid og fekk konsultert ei lokal frue. Etter ein god natta klem var vi endelig på rett veg. Mattern-bua levde opp til forventningane vi hadde. Innkvarteringa gjekk fort og turfølgje fekk roe reisestresset i en velplassert sofa. Eg var omtrent ikkje tilsnakkande denne kvelden sidan arrangørane hadde avslutta velkomsten. Laurdagen såg i mine auge lite planlagt ut, og heile opplevinga av Bulandet sto på kanten av stupet.
Morgonstund har gull i munn heitast de vel. Eg var faktisk spent på kva dagen ville bringe. Heile rorbua levde før fugl skeit på jor

d. Kokken diska opp med pannekake og bacon! Viktig med frukost ja. Dei to ”idiotane” som skulle ta kurs vart eskortert til stormsamlinga sin startspost. Resterande HKK medlemma tok morgonen med knusande ro. Vi skulle møte på ”vaffel og taffel” i håp om å få bli med. Gjengen pakka seg ut av rorbua og stilte morgonfriskt på nærbutikken. Å få bli med på tur var ingen problem. Eg, Tor-Inge, Anny, Kåre og Are sette fart i sakene og fekk oss på sjøna ved 10 tida. Dagen før avreise, og undervegs, vart det snakka mykje om forholda på Bulandet. Eg hadde brukt en del tid på verdsveven for å danne meg eit bilde av været denne helga. Om meteorologane for eingongs skuld hadde tippa rett, kunne det bli gode forhold for leik i bølgjene. Valet vart då ikkje vanskelig når turgruppa vikte vekk frå ope hav. HKK tok tak og melde klart frå, her skal det leikast å ikkje tafflast. Vi fikk overbevist turleiaren om at vi var skikka og hadde utstyret på plass. Og sat kursen mot bøljeskum med frådande glis om munnen.
- Rockpool Alaw
- Werner Shuna
- Astral Aquavest 300 med kasteline og kniv
- Predator Lee
- Pumpe, Iphone
- Tørrdrakt (ull under)
- Avstand padla: 5,5km
- Tidsforbruk: ca.4h
- Rockhopping og surf, vindstille med tung urolig sjø
Anny, ulykkesfuglen i klubben, hadde ikkje fått tørrdrakt som var bestilt og tok dermed rolla som action- fotograf frå nærmaste skjær. Eg, Kåre, Are og Tor- Inge padla oss utover fulle av forventningar. Rustne etter en lang sommar med late dagar på flatt hav, var det ein lettare anspent gruppe som, iført hjelm og mykje energi, møte Bulandets bølgjer. Her kan eg lett vise til store mengder multimedia- dokumentasjon, når eg omtalar forholda som krevjande. Vi fekk friska opp ALT instruktørane ein gong hadde prenta inni hovudet. Stemme det Are, somme fekk vaska litt kroppen også =) Ør av sjøskum og anna saltvare, kara vi oss i land på skjæret til Anny. Fekk fort bekrefta hendingane med bilde frå ymse vinklar, då vi møtte proffotografen
Grepstad.

Til lunsj tok vi turen tilbake på nærbutikken for å lade kropp, batteri og tømme øyrene. Sola skein, glade folk preika rundt omkring og HKK- gjengen kvitra med. Dagen var på veg til å bli topp oppleving. Vi hadde feila stort på ”vaffel og taffel” men fått grei valuta for tida i kajakken tross alt. Bulandet er ein spennande padledestinasjon. Her hadde ein utrulig store kontrastar, frå hamna som låg stille og speila seg i vatnet, til dønningar store som styggen sjølv. Smilande og fornøgde snakka vi om opplevingane.
- Rockpool Alaw
- Werner Shuna
- Astral Aquavest 300 med kasteline og kniv
- Predator Lee
- Pumpe, Iphone
- Tørrdrakt (ull under)
- Avstand padla: 4km
- Tidsforbruk: ca.3h
- Rockhopping og surf, vindstille med tung urolig sjø
Mette og klare for nye utfordringa, snusa vi litt på oppmøte rundt rockhopping light. Kåre fekk ordna seg med meir passande skallebeskyttelse, og atter ein gong satt vi spenna klar i kvar vår opplevingsskute. Eg kjende forventningane sank til taremareby då store mengder hjelmkledde flokka seg rundt møteplassen. Her vart det vel mykje folk ja, ikkje lett for oss som e vandt med mykje armslag. Men sidan dei andre la seg etter bjellesauen, gjorde eg nett det same. Etter litt omkalfatring av gruppene, sat HKK igjen samla om eit felles mål. Vi skulle på rockhopping for vidarekomne. Sikkerheit er ein viktig del av denne aktiviteten. Og vi drilla litt på kameratredning for å bli litt kjent med andre i gruppa. Alt vel so langt, og gruppeleiar sat kurs mot ope hav. Vi skulle delast opp i mindre grupper på 4. Padle ut til egna leikeplass og deretter bytte på deltakarane. Ein god plan heilt til alle hadde padla ut i uskjerma område. Ting vart ikkje mindre rotete når andre grupper kom til frå fleire kanta. Forvirringa var komplett og utan meir diskusjon melde eg, Are og Tor-Inge fråfall. Kokken peila seg inn på nærmaste solside mens eg og Are ville leike. Vi fann fleire leikeplassar for store barn.
Blant anna ein kanal med sjø skyljande over taggete berg. Fjøre sjø gav muligheiter til sel-imitering, der ein kan glide på gneisen utan fare for glasfibera. Når barna så var nøgde returnerte vi, som smilande barnehageungar, heim til rorbua. Sola var på hell og for å avslutte denne dagen roa vi ned kroppen med en liten time yoga utafor rorbua. Planen var tidsfordriv fram til Kåre, med håre, kom attende med nøklane. Status endra seg fort då Anny kjende på døra og fann ut at den faktisk ikkje var låst.

Ikkje mykje som kan målast med nystelte kropp etter ein lang dag i kajakken. Eg, Are, Tor-Inge og Anny låg lettare henslengt på sofaen då dei andre kom ramlandes inn, Eldar kom til slutt, som ein skadeskoten elg drog han liket over dørstokken og snøfta noko om idiota. Ja, han hadde hatt ein slitsam dag på aktivitetsleiarkurs. Med litt kvile og mykje positivitet sprett omkring i rorbua, fekk vi oss klare til kveldens festmiddag. Turen gikk til det lokale samfunnshuset der fårikål, sal av ymse effektar og ferske bilete frå dagen sto på menyen. Gepstad hadde pynta ein vegg med blinkskot frå dagens jakt, og stemninga bar preg av godt fornøgde padlara. Eit lokalt band spelte opp til dans etter maten. Men etter ein lang dag på sjøna, virka det som dei fleste var meir lystne på å prate enn på å danse. HKK tok ikkje so tungt muligheita for premiar under den planlagde padlequizen. Sjølv om vi er sunnmøringar, trekte vi oss rimelig tidleg tilbake. Tilbakevegen vart i meste laget for Annyen vår. Are, den hjelpsame samaritanen, tok lett på oppgåva som berar. Leiken var vist ikkje lett å legge frå seg denne haustkvelden. Og som alle foreldre kjenner til, ender leiken som oftast i tårer. Ein molefonken Are og en fargeklatt ved namn Anny tok prisen for den mest dramatisk hending på STORMtreffet.
Endelig søndag. Nei da, eg var ikkje so morgonfrisk. Pipa fekk derimot en annen låt med lukta av stekt bacon i rommet, og synet av Are med stillongsen på. Torvikaren fekk på seg ondebrellene og gjekk til pådekt frukostbord. Det kalla eg kvalitet på morgonen, kanskje denne dagen blir like vellukka?
Dagens plan ble lagt. Alt vi tenkte ut streifa rundt eit mål om å kome med ferja kl.16.15. Som ein blodtørst mygg, sikta vi oss inn mot eit hardt tidsskjema, tima og tilrettelagt med synkroniserte klokker. Eldar og Mildrid på kurs. Anny var skada, husmor vart hennar rolle. Kåre på rullekurs med Anders Thygesen. Tor-Inge inntok seljar posisjon for å klargjer hengaren. Eg og Are, ja vi skulle no sjølvsagt leike. Planen var klar, når vi returnerte til rorbua skulle Anny vær ferdig pakka. Alt skulle ordnast og leggast i bilane. HKK skal med 16.15 ferja om so vi må bli ufine.
- Rockpool Alaw
- Werner Shuna
- Astral Aquavest 300 med kasteline og kniv
- Predator Lee
- Pumpe, Iphone
- Tørrdrakt (ull under, vams)
- Avstand padla: 6,5km
- Tidsforbruk: ca.2h
- Søndagstur i stiv kuling med tung urolig sjø
Eg, Are og Tor-Inge sett ut frå Mattern-bua ved 10 tida. Det hadde blåst opp i løpet av natta, og motstanden var ikkje liten der vi sat kurs for nærbutikken og dagens utgangspunkt. Tor-Inge hadde ein avtale om litt butikk verksemd, og jekk i land. Kåre hadde alt rigga seg klar for litt rulling då vi kom sigande. Nokk om dei karane. Eg og Are sette på nytt kursen ut mot drømmeplassen frå dagen før. Den heftige kanalen varta opp med nervepirrande bøljeskvulp og straumar i alle retningar. Men sidan moder jord diska opp med mykje vind denne søndagen, sette vi kajakktuppen vidare ut mot det ukjente. Turen jekk gjennom spektakulære brått og vi fekk begge kjenne naturkreftene på kroppen. Ein sers vellukka restitusjonstur denne søndagen.
Vi fekk kara oss opp i fjøresteinane klokka 12. Anny var ferdige med husmor syslane, og vi pakka raskt alt pikk pakket i bilen. Møtte Kåre og Tor-Inge for so å stroppe kajakkane til tilhengaren. Dermed sat HKK sikkert ny pers på distansen ut til ferja, å vi var ikkje aleine om den kampen. Sjølv tili ute møtte vi ein del bilar som folk hadde parkert og forlatt. Spenninga i ferjekøa va som starten på paringstida. Karane briska sej, og kampen om ferjeplassane hardna til etter 2,5 times ventetid. Neste ferje gikk ikkje før ni og ferga var lita, so køsystemet var meget kritisk å holde styr på. Den stakkars billettøren som skalv ved synet av 10 personar, fekk seg ein tøff søndag. Stemninga var mildt sagt amper. Men VI kom med, og DET var jo det viktigaste.
Resten av returen til sunnmøre kan dåkke vel tenke dåkke. Ei pissepause her, en matbit der. Og omsider landa reisefølgje i Volda. HKK gjengen var slitne og glade. Dette treffet hadde omsider gitt alt ein kunne forvente. Bortsett frå reisinga trur eg alle var samde om at det hadde vore ein vellukka tur.